Denne helsinga går fyrst og fremst til tante Ingeborg, 102-årsjubilanten frå Levåg, som tok imot oss/meg påskar og somrar gjennom heile oppveksten. Som har gitt minner om fellesskap, bordsete med bugnande bord, slottonn, bærhausting og glade badepausar medan dei vaksne kvilte.

Tante Ingeborg på kjøkkenet, ikkje heilt ung, men roleg i arbeidet, nesten alltid nynnande og syngjande. Eg høyrer enno stemma for mitt indre øyre: ”Syng kun i din ungdoms vår”, ”Å vesle lerka ho hev det so..” Tante Ingeborg i ”blomehaugen”, haugen som vart forvandla frå ein haug som haugar flest til ein haug som bugna av Middagsblomar, Rylikk, Nellik og planter og vekster vi knapt hadde sett maken til på den tida.

Borna vaksnast og onkel Hans døydde altfor tidleg. Det vart stillare i Levåg. Men Ingeborg klaga ikkje, – neste generasjon overtok gardsdrifta. Ho fann glede i bøker, handarbeid og matlaging. Fleire år over 90 kunne ho fortelje at ho på ein og same dag hadde laga 200 fiskekaker, eller at ho hadde vore i skykkjo og sagd ved med motorsag…

Nett heimkomen frå feiring av 102-årsdagen hennar på sjukeheimen på Fitjar, smakfullt tillaga av dotter Kari og svigerdotter Solfrid, er eg igjen fylt av takksemd. I fleire år no har Ingeborg vore lenka til senga. Aldri har vi høyrt anna enn velleta: ”Eg har det så godt her, dei veit ikkje kva godt dei kan gjere for meg”. Ho ligg velstelt og pynta som ei dronning, aldri spjåkete, – verdig og roleg. Vi finn  henne ikkje neddopa. Ho ser og høyrer dårleg, men svarer godt og kontant på spørsmål, syng med klar og kraftigare røyst enn nokon forventar: 16 vers av visa om Titanic, deretter ei vise om ordføraren sin bestefar. Medan Synnøve les dikt for henne, lyttar ho merksamt,- og takkar. Ho lærer oss noko om styrke og får oss til å skjemmast over vår hang til å klage over bagatellar….

Harald Rydland må vera den beste ordføraren nokon eldre kan ønskje seg. Sjølv med pappapermisjon kjem han, – utan kjede, men med to nydelege born og trekkspelet sitt. Sit i lang prat med jubilanten, med gjester, spelar og syng visene han veit ho likar. Makalaust!

Som de forstår, går takka mi også til Fitjar kommune som har greidd å ta så godt vare på tanta mi. Mitt klare inntrykk er at Fitjar kommune respekterer og har fokus på mennesket Ingeborg. Sjølv om mi tante Ingeborg må vera ein drøymebebuar, og min kunnskap om eldreomsorga i Fitjar er begrensa, så vel eg å tru at dette er ein politikk som gjeld for eldreomsorga generelt i kommunen. Sjølv om vi veit at det er stort press om plassar og det er travelt på dei tilsette, greier sjukeheimen  å inngje eit inntrykk av slik god ro og trivnad.  Eg ønskjer at alle pleietrengande eldre i landet vårt kunne få ha det slik; kjenne seg verdsette og trygge og ikkje som det dei diverre ofte er; – ein salderingspost på budsjettet  kvart år.  Mange kommunar og byar burde kunne ha noko å lære av Fitjar. ”Det er jo menneske me er…”

Med stor takk frå
Kari Ersvær