Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Ordførar Wenche Tislevoll, og teknisk sjef Randi Karin Habbestad, takkar dei som sykla til jobben.

Fitjar kommune oppmoda tidlegare i år alle sine tilsette til å vera med på «sykle til jobben» aksjonen. Aksjonen gjekk i år for 46.gangen, og er Noreg sin eldste og største aktivitetskampanje.

– Det er veldig enkelt å vera med på aksjonen, og det er positivt for både folkehelsa og miljøet, sa Randi Karin Habbestad til Fitjarposten tidlegare i år. Aksjonen har no gått over to månadar, og deltakarane har loggført fysisk aktivitet for å få poeng.

Ordførar og teknisk sjef takkar no alle deltakarane frå Fitjar kommune.

– Me har intensjon om å vidareføra kampanjen til neste år, og ynskjer då endå fleire deltakarar!

Som ein avslutning på kampanjen har Fitjar kommune trekt ein vinnar blant deltakarane, som får eit gåvekort på kr 500,-.

– Me gratulerer vinnaren Grete Sunde Vik, skriv Tislevoll og Habbestad i ei sportsleg helsing frå Fitjar kommune.