– Me på Sælevik skule vil takka alle foreldre, besteforeldre og andre i bygda som bidrog med lopper, gevinstar, kaker, bollar med meir til Open dag, fredag 21. oktober, skriv rektor Aina Vestbøstad til fitjarposten.no.

Og ho fortset: – Me vil òg takke alle som kom på sjølve dagen og bidrog til ein vellukka dag, og til eit rekordstort beløp til inntekt for TV-aksjonen. Me fekk inn heile 13 300 kroner!

Til slutt vil me og takka alle elevane for god innsats under heile solidaritetsveka, og for flott underhaldning på Open dag.