Leiarane på Klubben (Fitjar bedehus) takkar for eit kjekt år med godt oppmøte av mange kjekke 5.-7.klassingar!

– Dei har laga mat på kjøkenet, scrappa, køyrt radiostyrte bilar, mekka på kassabil, dreve med både fingerskating og vanleg skating, hatt tull & tøys-gruppe, musikkgruppe, fotogruppe, høyrt andakt og sunge, m.m., skriv Kjerstin Stokken i ein e-post til fitjarposten, og legg til:

– Me ynskjer GOD SOMMAR og gler oss til oppstart igjen i byrjinga av september.