Randi og Kristoffer Dalen beundrar plakett og skulptur. Foto: Ingrid Hovstad

Roleg årsmøte i Fitjar næringsråd, med spennande innlegg frå bransjane sjølv.

Fitjar næringsråd samla seg i Wärtsilä-bygget, eller «Naustet» som dei no ynskjer at folk skal kalla det. Hrafn Thorsteinsson, som jobbar i HFMV Design AS og sit i næringsrådet, opna møtet.

Han fortal om det store bygget, som Fitjar mekaniske verkstad(FMV) kjøpte i starten av 2019. Her er det mykje kontorplassar, samt eit stort ope kontorlandskap. I tillegg kjem store møterom, auditorium og kantine.

– Til no har Heimli Ship Design flytta inn, samt Ronny Korneliussen frå FMV. Elles leiger LEIK knitwear lokal her, og ein er i dialog med fleire, fortal Thorsteinsson.

Hrafn Thorsteinsson tala seinare for industribransjen, når 6 bransjar fekk 10 minutt til å «peika framover». Han kunne fortelja at FMV har mange oppdrag til ut hausten 2020, men at det vanskeleg å spå lenger framover for verftet. Han var likevel positiv og fortalde korleis talet på tilsette hadde dobla seg sidan han byrja i 2017.

Rundt 30 personar hadde teke turen til årsmøte. Foto: Ingrid Hovstad

Utdeling av næringsprisen

Tore Sigurd Fitjar tala for landbruket i Fitjar, og viste blant anna til mjølkeproduksjonen i Fitjar.

– Fitjar produserer mykje mjølk, og det som er veldig positivt er at folk vågar å bygga nye større fjøs. Sjølv om talet på bønder går ned so held produksjonen seg likt, noko me ikkje ser i andre kommunar i regionen.

Ein av dei som vågar å satsa er Randi og Kristoffer Dalen, som under møtet vart tildelt næringsprisen for 2018. Ordførar Wenche Tislevoll takka dei for at dei i mange år har tatt uredde satsingar.

- Annonse -

– Utbygging i Kråko, campingplass med selskapslokal og catering, ny stor fjøs og no styringa av bryggekafeen i Kråko. Takk for at de set Fitjar på kartet!

Ekteparet takka for prisen, og fortel om reaksjonen dei hadde i desember når kommunen ringte.

– Når me fekk telefonen om at me skulle få næringsprisen vart eg mållaus. Det var heilt uventa, og Wenche trudde nok at eg gjekk i bakken, fortalde Randi Dalen, til lått frå salen.

Kommunen hedra dei med plakett og skulptur laga av Leif Hedman.

Bransjane fortel

Frå havbruk tala Lars-Heine Kåsa i Engesund fiskeoppdrett. Han rosa kommunen for godt samarbeid, men la vekt på at ein må jobba med planarbeid for å finna gode lokalitetar til oppdrett.

Smarte løysingar var tema når Maj Engevik og Terje Tislevoll tala for bygg og anlegg. Dei fortalde om deira nye heilautomatiske kappeanlegg, og at dei har fått VR-prosjektering.

– Med hjelp av virtuell verkelegheit kan me gå inn i hus å fiksa feil før dei er bygga, ja til og med kundar kan få sjå husa sine før ein startar å bygga, sa Tislevoll.

– Ein utfordring me har er at færre vel bygg- og anleggslinja. Her må ein bli flinkare til å få folk til velja yrkesfag, og gjerne på dei vidaregåande skulane på øya, sa Engevik.

Odd Sverre Larsen fekk fortelja i frå handelen sitt synspunkt. Han hadde rekna på verdilekkasjen frå Fitjar.

– Fitjar mistar truleg rundt 127 millionar i handel i året. Noko fordi me manglar bransjar, men ein del til konkurrentar på Leirvik, sa Larsen. Han trur at om ein får Vinmonopol til Fitjar vil dette få effekt på næringar som allereie eksisterer i Fitjar, kanskje til og med lokka nye verksemder til kommunen.

Lisa Instefjord Gilje talar. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar er ikkje kjent nok!

Lisa Instefjord Gilje frå Engesund fiskeoppdrett snakka om reiseliv.

– Det tok ei tid før eg forstod at visningssenteret vårt drar oss inn i reiselivskategorien, fortalde Instefjord Gilje, som er glad for at turistinformasjonen på Fitjar no er i Meieribygget.

Ho meiner at ein må bli flinkare til å gjera Fitjar kjent for folk, og ynskte seg hurtigbåtstopp til Fitjar.

– Me ser at Bergen er overfylt av turistar, og hurtigbåt hadde vore ein flott måte å få dei sørover til flotte Fitjar på. For Fitjar er jo fantastisk, og det seier eg frå Austevoll!

Lisa Instefjord Gilje la vekt på at den viktigaste ressursen i Fitjar for reiselivet er menneska.

– Når folk fer frå Fitjar skal dei hugsa velkomsten på campinga eller hotellet, dei serviceinnstilte på butikkane og dei smilande folka i sentrum!

Ny leiar

Sjølve årsmøtet gjekk fort. Årsrekneskapen visa eit overskot på 13 320 kr, og årsmeldinga fortalde om utdanningsmesse, biogassmøte, planting i sentrum og koordineringshjelp til infomøte med Haugaland Kraftlag.

Ronald Hareide etterlyste meir aktivitet i rådet, og synte til at ein hadde pengar på bok.

– Inviter til føredrag, skap engasjement, uttala Hareide, til nikkande hovud blant dei rundt 30 personane til stades.

Valet gjekk ogso fort unna. Alle i styret haldt fram, men Hrafn Thorsteinsson tek over leiarvervet i frå Jo Kjetil Strand. Tom Kristian Innvær gjekk ut som varamedlem, og vart valt inn i valnemnda. Bjørn Kristian Grimen tok over varaplassen, medan Victor Aga vart ny revisor