Vil takke fam. Hartvedt for det fantastiske arbeidet dei legg ned for at me skal få kose oss med "Fitjarposten". Som utflytta Fitjarbu er det kjekt å følgja med i kva som skjer i bygda. Eg oppfordra hermed alle å gje ei lita pengestøtte til "Fitjarposten" slik at dei kan halde fram, det kostar å drive avisa. Samtidig vil me takke for sist til Torill og Håkon, og til dei me møtte på Veterantreffet i Fitjartun. Flott arrangement.
Helsing Alvhild og Gunnar Samland