Det seier både Vidar Larsen og Odd Jarl Larsen. Nedanfor kan du lese kvifor.

Takken relaterer seg til den saka fitjarposten nyleg hadde om dugnaden på Osternes festning. Odd Jarl Larsen, som er leiar for Foreininga Osternes Festning, vil takka niandeklassingane på Rimbareid skule for super dugnadsinnsats, og Fitjar kommune, som gjev pengar til tiltaket. Han kjem òg med gode ord om grunneigaren som har gjort det heile mogleg.

Vidar Larsen, foreldrerepresentant i 9. klasse, vil òg takke elevane for innsatsen, og han synest det er flott at Fitjar kommune gjev elevane 10 000 kr for innsatsen. Pengar som går rett i Polentur-kassa.