FAU ved Rimbareid skule er glad for at det er kome lys i lysmastar på skulevegen til elevane. Takken kan du lese nedanfor.

«Endeleg har vi fått lys i lysmastene i Storhaugvegen – frå Sjøsbrekka og opp til det som no fungerer som hovudinngang for Rimbareid skule («lærarinngangen»). Utanfor hovudinngangen har det også blitt montert eit ekstra lyspunkt.

Elevane har kome til skulen i stummande mørke midt mellom sikringsgjerde, gravemaskinar og parkerte bilar. Jobben med å få lys i gamle lyspunkt var visst vanskelegare enn først antatt, og fleire aktørar har vore i sving.

Stor takk til Fitjar kraftlag og Fitjar kommune – for at dei har halde ut med masinga vår (og frå rektor) og fått jobben gjort!

Ha ein lys og triveleg dag alle!

Med helsing FAU Rimbareid.»