Konfirmantane har i dag bøssinnsamling til Kirkens Nødhjelp frå klokka 17.00 til 19.00. Ta vel imot dei.

Kirkens Nødhjelp-aksjonen er ein årleg aksjon, og i år vert det fokusert på korleis fattige alltid blir hardast råka i naturkatastrofar. I Norge kan vi verne oss mot naturøydeleggingane, mens fattige står i fare for å mista alt når katastrofen råkar.

Pengane som vert samla inn går til alt det arbeidet Kirkens Nødhjelp driv, slik at dei kan brukast der dei til kvar tid trengs mest. Ved flaum delar dei ut førstehjelpssett til bruk i redningsarbeidet, og dei sørgjer for megafonar til varsling, slik at folk kan redde seg unna. I område med mykje tørke blir det planta tre for å halde på fukta i jorda, slik at avlingane til bøndene ikkje visnar og dør.

I år er det ikkje nok konfirmantar i Fitjar til å fylla alle rutene. Dei som bur i dei yste krinsane får i år dessverre ikkje besøk av bøsseberarar. Men alle får høve til å gi til Kirkens Nødhjelp, Du kan nytta fastebøsse, eller direkte i banken. Kontoen til Kirkens nødhjelp er 1594.22.87493. 

Ta vel imot konfirmantane når dei kjem på døra di i ettermiddag.