Tysdag 24. mars går årets konfimantar rundt til alle husstandane i Fitjar og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Temaet for årets aksjon er vatn og klima. Ta godt imot dei. Foto: Kirkens Nødhjelp

Fitjarkonfirmantane er med på ein fasteaksjon der 40 000 bøsseberarar frå alle landets kyrkjelydar går frå dør til dør for å samle inn penger til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Dette engasjementet over heile landet gjer aksjonen til Norges nest største dør-til-dør-aksjon.

I år handlar det om vatn og klima, ikkje minst reint vatn.

I kriser er vatn kritisk!

200 kroner kan gi eitt menneske varig tilgang til reint vatn.

400 kroner gir flomsikring av eit hus.

1000 kroner kan gi hygienepakker til fem familiar. I katastrofar tar epidemiar mange liv. Barn er spesielt utsett!