Foto: Apotek 1.

– Det er essensielt at apoteka kan halda ope, slik at folk får dei medisinane dei treng. Derfor må det norsk folk hjelpa apoteka og visa omsyn så apotekmedarbeidarane kan halda seg friske.

Det er Apotek 1 som minner om dette i ei pressemelding. Dei minner om at apoteket er ein av 15 kritiske samfunnsfunksjonar no når vi står ansikt til ansikt med koronapandemien. Dessutan er apoteket er ein stad der mange smitteutsette kundegrupper oppheld seg. Desse må passast ekstra godt på.

Be andre henta medisinar for deg!

Personar med symptom på luftveissykdom, eller som er i karantene, skal derfor ikkje komma til apoteket. Dei kan heller be andre personar om å henta medisinar og apotekvarer for seg. Alt ein treng å gjera, er å fylla ut ei fullmakt, og senda med dei legitimasjonen sin.

– Slik reduserer vi smittefaren i fellesskap, seier kommunikasjonssjef i Apotek 1, Kjersti S. Ofstad.

Innfører ei rekkje smitteverntiltak

– Vi forstår at både kundar og tilsette er urolege. Derfor har vi no innført ein del smitteverntiltak, seier Ofstad.

Apoteka innfører no maksgrense på fem kundar om gongen, og set opp markeringstape ved skranken for å be kundar om å halda éin meters avstand. Viss mogleg blir kundane bedne om å venta utanfor etter at dei har trekt kølapp, slik at det ikkje blir mange som står i ei gruppe og ventar på tur. Det er dessutan hyppigare reinhald, og det blir installert pleksiglas ved kassane på alle apotek.

Unngå hamstring!

Apotek 1 har innført begrensningar på kjøp av Antibac og lungeinfeksjonsvaksinen Pneumovax. Dette er fordi det per i dag er begrensa tilgang i marknaden. Legemiddelverket har i tillegg sett i gang rasjonering av produkt med verkestoffet paracetamol og diabetesmedisinen Metformin og insulin. Dette er ikkje fordi det er mangel i marknaden, men fordi det er viktig å sikra jamn vareflyt til apoteka og dermed tilgang for pasientane.

– Dersom nokon vel å hamstra, blir logistikksystema våre utfordra, og det tar lengre tid enn ønskeleg å etterfylla apotekhyllene. Vi har nok varer til alle kundene våre, dersom alle handlar som normalt, avsluttar Ofstad.​

Om Apotek 1:

Apotek 1 er landets største og leiande apotekkjede med over 400 apotek spreidde over heile landet.