Øyvind Skålevik minner om at Fitjar Idrettslag arrangerer idrettsmerkeprøvar kvar fredag i juni.

Fitjar Idrettslag har «i alle år» hatt ei gruppe eldsjeler som har sørgt for at mange fitjarbuar har teke idrettsmerket. I 2008 var det 70 fitjarbuar som tok fullførte, og på Stord seier idrettsmerkenemnda «sjå til Fitjar – noko å strekkja seg etter!» Kvar fredag kl. 19.00 i juni står eldsjeler frå idrettslaget klare med stoppeklokke, målband og mykje godt humør for å hjelpa folk gjennom krava til idrettsmerket.

Det blir også høve til å ta idrettsmerket på Strando og i Dåfjord-området, etter nærmare avtale med Ingmund Bjordal eller Annar Westerheim. Det blir høve til å gå mila under Fitjardalten 11. oktober kl. 13.00. Som vanleg blir det også i år høve til å gå mila på Strando, ein søndag i august eller september. Gi gjerne eit vink til Ingmund om du ønskjer å delta.

Dersom ikkje dei oppsette tidpunkta høver, kan du ta kontakt med desse eldsjelene frå idrettslaget:
Ingmund Bjordal – 97706760
Øyvind Skålevik – 90949958
Håkon Hartvedt – 53497486
Annar Westerheim – 53499738
Rolf Vik – 53497754.

Sjå også Fitjar Idrettslag si heimeside for eventuelle ekstratider. Her finn du og link til idrettsmerkekrava.

www.n3sport.no/il/fitjar