Me vil minna alle våre lesarar om ”Lesarane sine sider” her på fitjarposten.no. Her kan du senda inn lesarbrev, lesarbilete, helsingar og meir. Lesarbrev
Med eit lesarbrev kan du dela dine synspunkt og idear om det som skjer, eller burde ha skjedd på Fitjar, eller i landet og verda for den saks skuld. Me oppfordrar våre lesarar til å engasjera seg i det lokale ordskifte – til å vera med å påverka utviklinga i kommunen og sitt eige nærmiljø.

Lesarbrev finn du her

Send ei helsing
Med tenesta ”Send ei helsing” kan du senda ei helsing til familie, venner og kjente? (f. eks. helsing, nyfødt, gratulasjonar, nygift). I tillegg til tekst kan du sende inn bilete og teikningar, i første omgang via post og e-post. Tenesta er gratis!

Send ei helsing i dag

Lesarbilete
I sommar har me teke i mot og publisert fleire lesarbilete frå våre lesarar. Enten det er vinter, vår, sommar eller haust er det alltid augneblink og opplevingar som kan delast med andre. Ta bilete og send dei inn til fitjarposten.no – og del dine blinkskot med andre.

Lesarbilete finn du her

Forslag til fleire tenester
Som tidlegare nemnt ønskjer me å lansera fleire tenester under ”Lesarane sine sider”. Til dømes ”Lesarartiklar” – som me allereie har fått ein del av. Kom gjerne med forslag til andre tenester – det skal tross alt vera lesarane sine sider. (Forslag til forslag: oppskrifter, lesartips (film, bøker osv.), reisebrev osv.).

Da skjer på Fitjar
Elles veit me at det skjer ein heil del på Fitjar som me, av ulike grunnar, ikkje får med på aktivitetskalenderen vår, ”Da skjer på Fitjar”. Tips oss om arrangement slik at me alle kan sjå kva som skjer i bygda vår.

Registrer ditt arrangement gratis her