Kvar onsdag  har du høve til å vere med på guida tur i  sentrum.

Som nemnd tidlegare i sommar står Ann-Sofie Drønen og Kjetil Rydland klar til å guide folk som vil sjå og lære meir om historia bak Håkonar-monumentet, Fitjar kyrkje, Kongsbrønnen og Rimsvarden.Turen startar ved Fitjar Fjordhotell kl 18.00. I tillegg til det historiske, kan me berre minne om at utsynet frå Rimsvarden er vel verdt å få med seg.