-Den første flyktningefamilien frå Syria kjem til Fitjar med det første. Det seier leiar i flyktning- og bustadtenesta i Fitjar, Mette Laukhamar Hauge, til fitjarposten.no.
Familien det i første omgang er snakk om har tre born, og dei skal busetja seg på Vestbøstad. Dei har vore i Norge eit år og kan såleis litt norsk.
-Ein har lagt opp til at det skal koma to-tre familiar i 2015 og tre familiar i året i åra 2016 og 2017. Flyktningane som kjem til Fitjar er ikkje asylsøkjarar, men menneske som har fått innvilga opphald, vert det understreka på Fitjar kommune si heimeside.
-Ta vel imot dei!, seier me.
—
Om du lurer på noko meir er dei to tilsette i flyktningtenesta glad for å kunna gje meir informasjon:
Mette Hauge tlf 47419988 E-post: mhau@fitjar.kommune.no
Kristin Skare tlf 95750151 E-post: krsk@fitjar.kommune.no