Det nærmar seg songkonkurransen ”Syng for oss” i Grieghallen, 13. og 14. juni. Frå Stord/Fitjar er 4 kor påmelde: Stordkoret, Corona og Osternes mannskor. Sist måndag hadde tre av kora, etter initiativ frå Corona, ei flott gjennomkjøring av programma sine i aulaen på Stord vidaregåande, og gav kvarandre deretter tilbakemelding på framføringa.

Dette var både kjekt og nyttig før konkurransen, då heile 40 kor skal i elden.
Alle tre kora fekk litt å jobba vidare med dei siste øvingane, men det aller meste var positivt !

Konkurransen startar fredag 13. juni kl. 11.45, og held fram heile fredagen og laurdagen. Det siste koret syng kl. 17.00 laurdag, og dommen fell kl. 18.30. Då får 4 – 6 kor vita om dei blir med i Grand Prix-finalen i Grieghallen same kvelden.

Dette blir avslutninga på ei veke med både mannskor-festival (”Rett som ørnen stiger”) og korkonkurransen ”Syng for oss”, og det vil myldra av songarar over heile Bergen.

Ta deg ein tur til byen den veka, og du vil sikkert få høyra korsong på eit eller anna gatehjørne !

På bileta er me med på ei øving med Osternes mannskor i Fitjar kultur- og idrettsbygg, og dirigenten Ole Christian Ottestad gjev koristane tilbakemelding frå gjennomkjøringa måndag.