Tidlegare i dag  skreiv me om Benedikte som syklar Norge på langs, og me skrive at mange syklistar har vitja Fitjar Camping i sommar. No skal det handla om nokre andre syklistar: Rene og Christina frå Sveits. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei kunne fortelje at dei hadde sykla frå Leirvik i dag og at målet var Bergen. Det er òg endemålet for turen deira.

Sjølve sykkelturen starta frå Gøteborg, og derifrå har dei sykla rundt norskekysten via Kristiansand, Stavanger og Haugesund.

-Når sykkelturen er til ende til Bergen, tek me toget til Oslo og så Kielferja til Tyskland før me reiser heim til Sion i Sveits der me kjem ifrå, smiler dei før dei set seg på syklane att – på veg mot Sandvikvåg.

Vêret klaga dei ikkje på. Dei hadde hatt bra vêr rundt kysten, og at det var nokre regnbygar i dag, gjorde ingenting.

På veg mot Sandvikvåg. Foto: Håkon C. Hartvedt