Akvator har på oppdrag frå Fitjar kommune laga reguleringsplan for Fv 545 frå sentrum til Rimbareid.

Planen er no lagt ut til offentleg ettersyn og er tilgjengeleg i kundetorget på Rådhuset frå 5. juli til 1. september. Planen handlar i hovudsak om opprusting av fylkesvegen og å laga gang- og sykkelveg langs vegen frå sentrum til krysset ved Geilo på Rimbareid. Saman med Fitjar kommune står Midtfjellet Vindkraft og Hordaland fylkeskommune som oppdragsgjeverar. Så langt dreier det seg om eit framlegg til plan og dei som ynskjer det kan koma til kommunen med skriftlege merknader til planen.