«Sykkelpilegrim – frå Fana til Santiago de Compostela» er tittelen på temakvelden i Fitjar kyrkje torsdag 21. mars.

– Hans Jørgen Morvik er sokneprest i Søreide kyrkje. Han er òg leiar for Bergen Cykleklubb. Sommaren 2011 var han sykkelpilegrim gjennom halve Europa. Refleksjonar etter denne turen vert formidla i kåseri, bilete på storskjerm og musikk av syklande sokneprest, syklande saksofonist og orgeltråkkar, opplyser Eli Simonsen til fitjarposten.no.
 
Me får vidare vita at Pia Camilla Tømmernes, saksofonisten, òg er  ein ivrig syklist, som trenar juniorar i Bergen Cykleklubb. Eli Johanne Rønnekleiv frå Stord har vore organist og aktiv musikar i Sunnhordlandsregionen tidlegare. No er ho organist i Søreide kyrkje, og denne gongen  syklar ho på salmesykkel, som ho sjølv seier.

Foredraget har ein sykkeltur som ramme, men hovuddelen handlar om pilegrimstradisjonar generelt, europeisk historie og kyrkjehistorie – skildra gjennom dei pilegrimsmåla som vart oppsøkt undervegs.

Det vert rundt 10 musikkinnslag, og programmet varer halvannan time.

– Me ønskjer velkommen til temakveld med mykje historie, kultur, musikk, religion, sport og refleksjon, seier Eli Simonsen til slutt.