– På morgonen i dag fann eg nok ein sykkel «parkert» i hekken på Kalveid. Denne gongen er det ein fin og relativt ny herresykkel!, skriv ein av våre lesarar, som trur at sykkelen er «stolen», til fitjarposten.no.

Han legg til at sykkelen no klar for avhenting på parkeringsplassen ved der vegen deler seg, slik at den rettmessege eigaren kan henta den når det høver.

– Det er diverre ikkje fyrste gongen herrelause syklar dukkar opp på Kalveid søndag morgon, så generelt kan det nok sikkert vera eit godt tips å starta leitinga der dersom ein skulle savna sykkelen sin, legg lesaren vår til.