Det var stappfult  i gymnastikksalen i Øvrebygda under skulekorpset sin marknad.

Aspirantane opna marknaden med å spela "Karius og Baktus". Dei fortsatte med ein tostemt versjon av "Alle fugler", og avslutta med høgdepunktet: "My heart will go on".  Sistnemde med playback-komp. Flotte framføringar av dei unge musikkantane. Takten var fast, rytmen korrekt og dei fleste tonane var på plass.

Skulekorpset tok over med å spela "Easy pop suite". Me kunne høyra det var popmusikk, men det var langt frå "easy". Men alt sat, og dei fekk her vist at dei klarer å fylgja dirigenten i både styrkevariasjonar og tempovariasjonar. Under "Disco frisco" fekk spesielt kornettane vist seg fram. Det svinga skikkeleg, det såg ut som ungdomane hadde det kjekt, og tilhøyrarane fekk ei flott oppleving. Under "Bred dina vida vinger" fekk fleire vist seg fram med soloparti. Solfrid Skeie på kornett og Judith Hageberg på trombone starta songen med ein var, varm  og vakker solo, og på same måte avslutta Anne Lunde denne kjende salma med ein kornettsolo. Innimellom slapp mange fleire til, og alle klarde seg svært godt. Under "Burobenga" hadde Sverre Brekke sin debut på slagverk, og det kom han svært godt frå. Det lovar godt for rytmen vidare i korpset. I dette stykkjet fekk og dei djupe stemmene vist seg fram med god trøkk og flott klang.

Fitjar musikklag spelte denne kvelden og frå Andrew Lloyd Webber-repertoaret sitt, og det høyrer me gjerne fleire gongar. Flott  musikkk frå kjende musikalar framførd på ein framragande måte. Me festa oss spesielt med songane frå Cats, som er varierte, svingar, har fengande rytmar og parti med stort trøkk.

Marknaden vart avslutta med eit fellesnummer med skulekorpset og musikklaget: "Ut på tur". Her svinga det og, og publikum vart med på både klapping og knipsing. Innimellom speling deltok og musikkantane med plystring.

To åreomgang og matsal fungerte fint og det såg ut til at folk koste seg rundt borda, anten dei vant eller ikkje.

For å få inn litt meir pengar auksjonerte korpset ut eldre instrument som ikkje er i bruk lenger. Det var litt kniving om enkelte av dei, men ellers var det litt laber interesse. Mange etterlyste munnstykke, og hadde det fulgt med hadde nok salet gått fortare og prisane blitt høgare. Men det var uansett svært underhaldande å høyra på Harald Rydland som auksjonarius, og hans kommunikasjon med salen. Det går an å laga munnstykke av kålerabi, hevda Toralf'en, som var den einaste av dei som kjøpte instrument som fekk med munnstykke på kjøpet. Auksjonarius lova munnstykke-auksjon på neste marknad….

Terje Træet og Terje Westvik fekk blomar for å ha teke annsvar for loddtrekkinga, dirigentane Svein Roger Koppang og Per Olav Paulsen fekk velfortente blomar, og arrangementkomiteeen fekk verbale roser. Men dei som aller mest fortener blomar er musikkantane, unge og eldre, som stadig gjev oss tilhøyrarar flotte musikkalske opplevingar!

Trekningslista for bøkene ser slik ut:

Hovudbok: porselensdokke: Fam. Unni Strand, høgtrykkspylar: Martha Waage, tursekk m/innhald: Ingeborg Prestbø, Bruslettokniv: Synnøve Rydland, rosamåla treskål: Øyvind Skaar, golvlampe: Malin Tislevoll, gutegenser m/hue str 4 år: Gerd Lillefosse, trollgenser str 2 år: Ronny Reigstad, barnegenser str. 4 år: Vedran Vickovic, hammar: Jakob Myhre, strikka dametopp: Ingebjørg og Karl Gloppen, 4 quilta brikker: Fam. Aud Iren og Leif Helge Engelsen, kjærestevottar: Bjørg Vinje Jensen, proviantbøtte:  Berit og Ingvall Korsvik, tursekk: Jofrid Nesbø, tursekk: Kristoffer Vestbøstad, middag for 2 pers: Håvard Skålevik, trådpakke: Martha Waage.

Barnebok: babybornbunad: Birk Træet, bayborndåpskjole: Vilde Raunholm, sjørøvarskute: Marion Træet, barneverktøy: Ingrid Hovstad, kubbespel: Lovise Rimmereid, pakke med babybornkle: Lea Hobæk Hovland.

Rett trekning: Ole Kristian Ottestad, Anne Berit Hovsatd Johansen og Kari Konglevoll Prestbø

Korpset ynskjer å takka alle som har gjeve gevinstar og alle som har kjøpt lodd!