På temakvelden i Fitjar kyrkje torsdag 31. januar kan du høyre gospelkvartetten Salomos Høysangere.

– Dette er ei gruppe som spring ut av miljøet rundt Noregs musikkhøgskule i Oslo og guttekoret St. Hallvard-guttene. Dei syng musikk inspirert av amerikansk sørstatsgospel i beste songkvartett-tradisjon.

Med seg har dei bandet Ugler i Moseboken med topp utdanna musikarar og med kapellmeister Øystein Skullerud i spissen

– Mykje av musikken er kjente salmar og spirituals arrangert av besetningens eigne medlemmer.

Høysangerne og Uglene reiser med jamne mellomrom over fjellet for å halda konsertar på Vestlandet. Dei har etter kvart opparbeidd seg ei trufast tilhengarskare.

No tek dei turen igjen, og første konsert på turneen startar i Fitjar! Velkommen til ein svingande kveld i Fitjar kyrke på torsdag! skriv Eli Simonsen i ei pressemedling om arrangementet.

Simonsen nemner samtundes  at programmet for temakveldane vidare denne våren er : «Lyden frå prestegarden «m/fam Oma-(feb) – «Sykkelpilegrimen» m/Hans Jørgen Morvik, Pia Camilla Tømmersnes og Eli Johanne Rønnekleiv (mars) – og konsert m/Os Vocalis (april).