-Det er stadfesta at ein person på Nordisk 4H leir på Breim i Sogn og Fjordane har fått svineinfluensa, melder Ingrid Hovstad, som er på leiren, til fitjarposten.no

Hovstad fortel vidare at alle med symtom, og folk med sjukdomar som astma og slike ting, blir sjekka. Ein er òg blitt meir påpasseleg med handhygienen  og i å bruka antibac, sjølv om ein var det før utbrotet òg. Mellom anna må alle no spraya seg med bakteriedrepande middel før det et, fortel ho, og legg til at dei måtte òg ha slik spray med seg når dei i dag har vore på besøk i kommunane utanfor leiren.

Kva som skjer når dei er tilbake i leiren i morgon er ikkje Ingrid sikker på. Normalt skal leiren vare til onsdag. -Det kjem vel an på kor mange som blir sjuke, trur ho, og understrekar at ho sjølv er heilt frisk. Noko panikk er det heller ikkje mellom ungdomane, sjølv om mange fekk vondt både her og der når nyheita kom ut.

Ungdommane på leiren er mellom 14 og 20 år, og dagbladet.no siterer generalsekretær i 4H Norge, Astird Solberg, på at ungdomen som er smitta no ligg på isolat, noko òg 20 andre gjer, i det ein er redd for at desse òg kan vera smitta. Så langt er likevel berre ein stadfesta å ha svineinfluensa.

Til saman er det 1700 deltakarar på leiren.