Sverre Sæterbø liker griser, og investerer fleire millionar i nytt grishus for å auka produksjonen monaleg.

Til sommaren reknar Sværre Sæterbø med å vera i gang med full produksjon i det nye grishuset sitt. I desse dagar arbeider han med eit stort grishus til fleire millionar kroner. Grunnflata er på rundt 800 kvadratmeter, altså omtrent som ei vanleg hustomt. Det har blitt sprengt ut om lag 5000 tusen kubikkmeter lausmasse i grunnen. Sjølv har Sverre berre stått for grunnarbeidet; resten av jobben har AK Maskiner totalentreprisen på. Den dagen me var på besøk, var ein av underentreprenørane, Økland AS, i gang med betongarbeid.

Det er altså eit millionprosjekt Sverre Sæterbø er i gang med. Lån og tilskot har han fått frå Innovasjon Norge. Han sparer ein god del på at han framleis kan bruka den gamle floren som far hans, Helge Sæterbø, bygde på slutten av 1970-talet. Her dreiv faren mjølkeproduksjon i mange år, men dei siste åra har Sverre levert om lag 650 slaktegris årleg frå denne floren. Han vil framleis kunna bruka gamlefloren, men når han får nytt grishus, kan han leggja om drifta.

No vil han til ei kvar tid ha 24 purker i bingen; det er maksimalt av det han kan få konsesjon på. Kvar 8. veke vil han få levert 24 drektige purker frå Nes Purkering i Tysvær. Desse skal han ha i tre veker før dei grisar, og så har han dei fem veker til. Då leverer han dei attende som «pant», og får 24 nye, drektige purker frå Tysvær. Slik vil det gå året på sin tamp med stadig ny tilførsle av drektige purker, og tilbakelevering av «pantepurker». Sverre reknar med at griseproduksjonen vil gi noko over eit halvt årsverk. Han kjem til å vidare som maskinreparatør med firmaet Sæterbø Maskin.

Me var ein tur innom gamlefloren og kunne konstatera at griser er trivelege dyr. Og det såg ikkje ut til at dei kvidde seg til jul.