I dag flytta 124 svin inn hos Sverre Sæterbø, i det flottaste grishuset i Fitjar.

I slaktegrisavdelinga flytta det inn 100 smågriser som er 13 veker gamle. I dag veg dei rundt 25 kilo, levande vekt, men allereie om 14-15 veker veg dei 115-120 kilo. Og då ber det rett på slaktebenken. Slaktevekta vil nok vera 75-80 kilo. Det skal ikkje store reknekunsten til for å konstatera at dei veks fort!

I framtida reknar ikkje Sverre med å kjøpa inn slaktegris, for han skal produsera smågris sjølv. Dei første 24 drektige purkene frå Nes purkering i Tysvær fekk Sverre i hus i dag, og dei begynner å grisa i slutten av neste veke. Venteleg vil kvar purke få 10-15 grisungar, i alle høve om dei følgjer statistikken. Sverre har fått med ein perm med opplysningar om purkene, kor tid dei har termin, kor mange kull dei har hatt før, kor mange grisar dei har fått osv. Men namn som Nasse Nøff eller andre kjælenamn såg me ikkje noko til. Om åtte veker leverer Sverre purkene frå seg att, og får 24 nye, drektige purker. Og slik vil han halda det gåande året rundt.

Sverre fortel til fitjarposten.no at det var ein gjeng fredelege purker som kom til gards i dag.  Dei kom roleg ruslande ut av dyretransporten og gjekk inn i det nye grishuset utan noko styr. Det kjem vel med at dei er rolege, for 300 kilo store dyr er ikkje lette å styra om dei ikkje vil samarbeida. Purkene såg ut til å ha svært så godt lynne; dei rørte knapt på eit augelok då me var inne og helste på dei og tok bilete. Dei såg ikkje ut til å la seg stressa av besøket, og det er svært viktig at dei er vane med folk. Sverre fortel at han kjem til å vera mykje i grishuset og sjå til dei. Det er heilt nødvendig at dei er vane med han før grisinga tar til. Stressa griser bit etter ungane sine, men desse ser ut til å ta livet med ro, så her ligg nok alt til rette for ei vellykka grising i vekene som kjem.

Grisene er av rasen Noroc, som blir marknadsført av Gilde under namnet Edelgris. Reinskore skal dette kjøtet berre innehalda 3% feitt. Rasen Noroc er ikkje en anerkjent griserase, men ei kryssing mellom norsk landsvin (50 %), norsk yorkshire (25 %) og duroc (25%). Du kan lesa meir på Wikipedia

Purkene hos Sverre skulle vera i trygge hender. Her er godt og varmt for dei små, topp fôringssystem, og det nyaste som finst innan brannvarsling i driftsbygningar. Bl.a. er det branndetektorar i viftene, som slår ut når temperaturen blir for høg. Svina hos Sverre har altså ingen grunn til å vera urolege, og heldigvis veit dei ikkje kor kort eit svineliv er.