Elevane på 6. og 7. trinn på Rimbareid skule avslutta parkour- og danseprosjektet sitt med ei flott framsyning i gymnastikksalen på Rimbareid skule måndag ettermiddag.

Først ute på framsyninga var 7. klassingane som har hatt parkourundervising med parkourlærar Gareth Whittaker. Dei synte elegante forseringar av tillaga hinder og mange flotte og spenstige hopp. På vegne av alle 7. klassingane takka Rea Mitrovic den flinke læraren dei har hatt. «Det har vore så utruleg kjekt, me har lært så masse og du har fått oss til å bli meir tolmodige», sa Rea før ho gav Garath ein velfortent blomebukett.

Så var det dansarane i 6. klasse sin tur til å ta over «scenen». Til tonane av Thriller dansa dei rytmisk og flott i ulike formasjonar, og det var mykje danseglede å spora i rekkene. «Nokon grudde seg og nokon gledde seg då me skulle ta til med danseundervisinga. Men det er kjekt å prøva nye ting», sa Kaia Rydland før ho på vegne av alle 6. klassingane takka danselærar Jorunn G. Whittaker med ein blomebukett.  

Parkour og dans er ein del av padafiko-prosjektet, som er eit samarbeid mellom skulen og kulturskulen for å styrkja dei praktisk estetiske faga i skulen. Siste blomebukett gjekk til kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen, «Du er flink og dette hadde ikkje blitt til utan deg», var rektor ved Rimbareid skule, Siv Grethe Stamnes,  si helsing til kulturskulerektoren.

Omkring 70 frammøtte fekk med seg den flotte oppvisinga, som tidlegare på dagen hadde vore synt for alle barneskuleelevane på Rimbareid skule.

Neste padafikoprosjekt som kjem på timeplanen på Rimbareid er 2. klasse som skal få læra å spela mini-kornett etter påske.