A-laget til Fitjar Idrettslag har sikra seg ei solid forsterking frå Sverige før haustsesongen.

Den svenske spelaren som har meldt seg til teneste for Fitjar, er 23 år gammal og kjem frå Halstahammar eit stykke vest for Stockholm. Namnet er Andreas Høglund, og han har spelt i svensk 4. og 5. divisjon for klubbane SK91 og HSK.

Andreas er ikkje komen til Fitjar berre for å spela fotball. Han arbeider i vindparken for firmaet Nordex, og reknar med å bli i Fitjar i fleire år. Førebels har han ikkje fått tid til meir enn eit par treningar med A-laget til Fitjar, men han reknar med å vera speleklar til haustsesongen. Han fortel at han er forsvarsspelar, og med sine 198 cm vil han ruva godt i feltet.

Trenar Kjell Træet seier seg svært glad for å ha fått inn ein ny spelar i A-stallen. Med sine 23 år er han i ein fin alder, me har nemleg for lite spelarar på den alderen, seier Fitjar-trenaren. Som altså må venta til haustsesongen før den unge, sympatiske svensken kan dra på seg Fitjar-drakta.