Søndag 6. september kjem den kjende skodespelaren Svein Tindberg til Fitjar, skriv Eli Simonsen i ei pressemelding.

Svein Tindberg vart fødd i 1953 og bestemte seg tidleg for å verta skodespelar. Han har spela mange klassikarroller på ulike scener.
 
I det kunstnariske arbeidet har Tindberg tematisert religiøse spørsmål og gudstru. Rolla som presten Johannes i Kaj Munks «Ordet» førte han inn i dette interessefeltet. Størst suksess har han gjort med einmannsframsyningane Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerninger og Abrahams barn.

Tindberg har gjort fleire friluftsoppsetjingar, mellom anna har han regissert Mostraspelet, der han og har spela Olav Haraldsson. Han har medvirka i fleire filminnspelingar og plateutgjevingar med resitasjon og opplesing. Tindberg har fått fleire prisar for det kunstnariske arbeidet sitt, mellom anna Teaterkritikarprisen, Norske teaterlederes pris, Telenor Bedrifts kulturpris, Bibelprisen, Brobyggarprisen og Petter Dass-prisen
 
Tindberg er ein eineståande formidlar. «Som skrevet står» er ei framsyning der Svein Tindberg på ein fascinarande måte tek med publikum «bak kullissane» i Markusevangeliet, Apostlenes Gjerninger og Abrahams barn. Me får høyra og sjå korleis han har arbeidd med desse tekstane. Han vil lesa, fortelja og leika med tekstar frå Bibelen. Som han sjølv seier » – med laus jakke og mykje latter».

Me ønskjer velkommen til å høyra ein av Norges beste formidlarar! heiter det i pressemeldinga frå Temagruppa i Fitjar kyrkje.