– Fitjar kommune og Fitjar Taxisentral har i det siste arbeida aktivt for at folket i Fitjar framleis skal ha eit tenleg drosjetilbod. Tilbodet er no sikra ved at det er kommen inn ny aktør for å stå for køyringa, heiter det i ei pressemelding frå ordførar Harald Rydland.

Han skriv vidare: – Bo Gøran Bernerson, som har stått på og drive drosje i Fitjar i mange år, har tidlegare sagt frå om at han ville gje seg med drosjekøyringa i november. Fylkeskommunen har lyst ut dei ledige løyva fleire gonger utan at det har komme søkjarar innan fristen.

No har det heldigvis meldt seg ein søkjar som har fått tilsagn på løyve. Dette er Fitjarbuen Svein Malvin Maraas (28 år) som vil satsa på å driva drosje i Fitjar framover. Han har tidlegare vore drosjesjåfør på Leirvik og overtek løyvet på Fitjar frå i dag, måndag 15. november.

I Fitjar har store delar av oppdraga til drosjen vore knytt opp til skulekøyring. Dette gjer at me helst skulle ynskja å ha to løyve i drift, slik at eine bilen kunne vera meir tilgjengeleg for ordinære oppdrag.  Ei tid framover vil meir av skulekøyringa verta utført av andre bilar enn drosjen. Målsettinga er likevel å få på plass drosjebil nummer to i Fitjar snarast råd.

– No skulle alt liggja til rette for at folket i Fitjar, dei reisande over Sandvikvåg og andre som treng skyss i Fitjar, får eit godt og tenleg drosjetilbod. Då er det avgjerande at tilbodet vert brukt, slik at det er liv laga. Tinging av drosje held fram på same nummeret som før: 952 09 518, heiter det til slutt.