Røyken som kunne skimtast frå Fitjar sentrum laurdag ettermiddag, kom frå inste Fitjarfjellet, der Osternes beite- og sankelag dreiv kontrollert avsviing av brakje og annan vegetasjon.

Kristian Skumsnes fortel at dei fekk svidd av 8-900 mål vegetasjon på Mosavassheiane og nedover mot Botn, der dei sveid av eit område for to år sidan. Han fortel at det er svært gunstig å svi nett no. Det er mykje betre enn om våren, for no finst det nesten ikkje sevje i buskane.

Då Fitjarposten kom over Botnavatnet, slo det opp røyk og flammar frå Tveitabotn og området ovanfor. Vinden kunne nok med fordel kome frå nordvest, men Kristian Skumsnes fortel at dei fekk gjort det dei hadde tenkt å gjera. Utpå ettermiddagen, då dei nærmast rekna seg som ferdige, loga det opp på nytt. Derfor måtte dei gå til det blei mørkt for å sjå til at alt var sløkt før dei kunne gå heim.

Frå Klovskarsheiane kunne Fitjarposten nyta det flotte synet då det begynte å mørkna i 16.30-tida.