Svea sitt fyrverkeribatteri Bandit er trekt attende av leverandøren. Dei som allereie har kjøpt eit slikt hos Larsen mulithandel får bytta det i anna fyrverkeri same stad.

«Vi har dessverre oppdaget konstruksjonsfeil ved et parti av vårt fyrverkeribatteri «Bandit» som kan bety at om man ikke følger bruksanvisningen, dvs. ikke antenner lunten på ytterste spiss, så kan produktet være farlig. Vi velger derfor å trekke alle partiene av dette produktet tilbake fra markedet. For de som allerede har kjøpt batteriet kan man levere det tilbake til utsalgsstedet for refusjon», seier dagleg leiar i Svea Fyrverkerier AS, Anders Sture.

Theodor og Eirik Larsen hos Larsen multhandel fortel at dei har hatt det aktuelle batteriet i sal hos dei. Nokre har allereie kome attende med fyrverkeribatteria og har fått byta dei i anna fyrverkeri. Dei som ikkje har gjort det har fortsatt høve til det, fram til butikken stengjer klokka 16.00 i dag. Vidar Larsen forklarer at det er ein feil i produksjonen ved batteria som gjer at på nokre av dei er reserverlunta synleg på utsida og dersom ein ikkje følgjer bruksanvisinga kan fyrverkiet gå av for snart etter tenning. Denne feilen er ikkje på alle batteria, og om ein tenner dei rett er det heller ingen fare med å bruka dei med feil på, men uansett så får alle som har kjøpt eit slik fyrverkeri byta det hos oss, forklarer Vidar. Av det me ser er det fortsatt mykje anna fyrverkeri å velja blandt, og for dei som ikkje vil ha så mykje lyd  er det råd å kjøpa seg stjerneskot i ulike lengder og variantar.

Sikker bruk av fyrverkeri kan ein lesa om her, og ein kan lesa meir om feilen ved Bandit på Sveia si heimeside her.