Svarttrasthannen syng finare enn alle andre fuglar. Foto: Kjetil Rydland.

Fuglane lar seg ikkje prega av den skumle koronatida me er inne i. Songfuglane syng like fint som alltid, og aller finast syng svarttrasta.

Svarttrasta er kjend for den mollstemte, melodiske songen som gjerne blir framført frå tretoppar eller andre høge stader. Det er hannen som syng, og songen hans er eit av dei kjæraste vårteikna våre.

Hans Børli kalla nebbet til svarttrasta for «en spydspiss smidd av sol». Foto: Kjetil Rydland.

Dei gamle i Fitjar kalla fuglen for svisvorta, truleg fordi han er svartsvidd. Andre dialektnamn er susvarta, svinsvort, svortstare og steintrast. På dansk heiter han solsort, og i Sverige koltrast. Der er han nasjonalfugl.

Hannen er kolsvart med eit okergult nebb og ein gul ring rundt auga. Hoa er brunsvart med raudbrunt og svartprikkete bryst og brunsvart nebb.

Dei fleste svisvortene trekkjer til Storbrittannia og Kontinentet i perioden september til november, men ein del overvintrar her i landet. Dei som overvintrar kan finnast så langt nord som til Troms, men dei fleste langs kysten av Sør-Noreg.

Svarttrasta plasserer reiret i ein busk eller eit lågt tre, eller på ei hylle i ein mur eller bergvegg. Hoa rugar dei fire til seks blågrøne egga i rundt 14 dagar, og 14 dagar deretter hoppar ungane ut av reiret.

Ein av dei som best skildrar songen til svarttrasta er diktaren Hans Børli. I diktet Svarttrost skriv han om «ei tone så rein og klar som aftenstjerna speilt i bekken, som ordet aldrisom lyset om Kristi tornekronte panne på en gammel ikon

Du kan høyra songen på nettstaden fuglelyder.net. Eller gå ut og høyr etter!

(Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon)

Ei brunsvart svarttrastho sit utanfor Kulturhuset og lyttar til songen frå ein hann. Foto: Kjetil Rydland.
Også ein svarttrasthann må få klø seg av og til. Foto: Kjetil Rydland.
Svarttrasthannen sit i busken utanfor Kulturhuset og vonar på kontakt med hoa bak busken. Foto: Kjetil Rydland.