Her flyr svartkråka rett bortanfor bussane ved Kulturhuset. Foto: Kjetil Rydland.

Dei siste to åra har det vore ei heilsvart kråke på bakkane nær Fitjar sentrum; ho er ikkje grå som alle dei andre lokale kråkene.

Inntil nyleg blei blei dei grå og svarte kråkene rekna som to underartar av den same kråkearten, men i dag har dei fått status som to ulike artar (Aschehougs fuglebok, 2008). Den heilsvarte heiter corvus corone på latin, medan den andre, og vanlege, heiter corvus cornix, eller kort og godt kråke.

I det siste har svartkråka halde seg på bakken like ved oppstillingsplassen for bussane. Foto: Kjetil Rydland.

Svartkråka er heilt svart, men er elles svært lik vanleg kråke både i bygning, lydytringar og biologi. Svartkråka er sjeldan i Noreg, men er observert i de fleste landsdelane og har hekka enkelte gonger, blant anna som blandingspar (hybridisering) med kråke. Svartkråka er elles vidt utbreidd i Vest- og Sørvest-Europa.

Sjølv om svartkråka ikkje normalt hekkar i Noreg, har ho stort sett blitt observert årleg på Vestlandet, som regel som enkeltfugl. Ho kan forvekslast med kornkråke, men artane kan skiljast frå kvarandre på nebbet, som er lysare og meir dominerande hos kornkråka. Ho kan og forvekslast med ravn, men er klart mindre enn denne.

Begge kråkeartane byggjer språket sitt på eit hest «krah», som dei ofte gjentar to til fire gonger. Lyden av svartkråke er ikkje så ulik vanleg kråke, noko me kan høyra på nettstaden fuglelyder.net.

Å flaksa som ei kråke er vel ikkje meint som ein kompliment, men denne svartkråka flyr rett så elegant. Foto: Kjetil Rydland.
Her ser me ei vanleg grå og svart kråke i toppen av ei gran i Tveitadalen. Foto: Kjetil Rydland.