Det er alltid kjekt når det kjem ny asfalt og ein augnar eit fortau som snart er klar til bruk.

Det er akkurat det som er situasjonen i sentrum. Torsdag føremiddag var maskinane med asfalt på plass, klare til å leggja fast dekke på det nye fortauet som går frå Rema 1000 og innover mot sentrum. No kan me berre slå fast at det ikkje er lengje til fitjarbuar og andre interesserte kan spankulera lysteleg på dette siste tilskotet på offentleg infrastruktur.