Olaug Haugen.. Arkivfoto: Harald Johan Sandvik

Fitjar kommune svara på kva prosedyrar Fitjar kommune har om drikkevasskjelda vår skulle bli forureina.

I går skreiv me om Bård Inge Sørfonn(Krf), som lurte på kva beredskap Fitjar kommune har om ein skulle bli ramma av vassforureining, slik Askøy har møtt på.

I dagens møte i utval for plan og miljø fekk Sørfonn svar, og kommunen har i samband med dette sendt ut ei pressemelding.

– Største delen av innbyggjarane i Fitjar har kommunal vassforsyning. Fitjar kommune har stabil og god vassforsyning og har ikkje avdekka problem med kvaliteten på vatnet. Vi gjennomfører regelmessig prøvetaking av råvatn, rensa vatn, høgdebasseng og på ulike stadar i leidningsnettet. Prøvane vert analysert på laboratorium i Lervik, skriv Olaug Haugen, rådmann i Fitjar kommune.

Ho fortel vidare at administrasjonen gjennomførte tysdag ekstra gjennomgang av internkontroll for vassverket.

– Når me gjennomfører større vedlikehald på vassverket, eller dersom det oppstår problem, sender kommunen ut innbyggjarvarsel på SMS til berørte innbyggjarar og informerer på kommunen sine heimesider.

Ein har ogso rutiner for utsending av kokevarsel gjennom befolkningsvarslingssystem, varsling av spesielt utsette verksemder og institusjonar, og ein har utstyr for distribusjon av nødvatn.

– Fitjar kommune har ikkje reservevasskjelde som kan levere godkjent drikkevatn, skriv Haugen.

- Annonse -

Største delen av Fitjar sine innbyggjarar har kommunal vassforsyning, det er difor viktig at kommunenen arbeidar med å få på plass ei reserveløysing.

Fitjar kommune er i gang med prosessen med å rullera hovudplan for vassforsyning og hovudplan for avlaup. I desse er eit av tema å sikra gode og framtidsretta løysingar for vassforsyninga i kommunen. Les meir om dei nye planane her.