Medan skatteinntektene for norske kommunar aukar, går det motsett veg i Fitjar.

Ftjar kommune budsjetterte i fjorårets budjett med om lag 85,9 millionar kroner i skatteinntekter for 2018.

No viser det seg at kommunen har fått 5,2 millionar kroner mindre i skatteinntekter samanlikna med budsjettet.

Fram til utgangen av oktober fekk Fitjar kommune inn 66,8 millionar, mot dei 72 millionane som var budsjettert. Det er eit avvik på heile -7,3 prosent.

Inntektene frå i år er også lågare enn i fjor, då skatteinngangen var på 67,6 millionar i løpet av same periode i 2017.

Men Fitjar kommune får kompensert heile 95 prosent av dei manglande inntektene gjennom den statlege inntektsutjamninga. Grunnen til dette er at kommunen budsjetterte med 90 prosent av landsgjennomsnittet.

- Annonse -