Frå Det Statlege utvalet som har arbeidd med ny kommuneinndeling har fitjarposten.no no motteke kartskisser som vil vera retningsgjevande når dei nye grensene vert fastlagt. Ei svært uventa løysing, spør du oss.

I desse skissene vert Sunnhordland delt i to:

Sunnhordland kystkommune
,
vil verta den største av dei to både i folketal og areal. Austevoll, Bømlo, storparten av Fitjar, nordre delen av Sveio pluss vestsida av Stord kommune vil inngå i den nye Sunnhordland kystkommune. Kommunesenteret er lagt til Heiane Vest. Folketalet er rekna til i underkant av 25 000.

Tysnes kommune,
med Uggdal som kommunesenter, får med seg austre halvdel av Stordøya, pluss deler av fastlandet.  Folketalet blir rundt 15 000 for nye Tysnes kommune.

Bakgrunnen for denne ‘overraskande’ delinga er tufta på utspel frå lokalpolitikarar ifm den nye kyststamvegen. Austre delen av Stordøya i tillegg til Tysnes og områda innanfor har heile tida hevda at kryssinga av Langenuen må bli ved Jektevik, eit ynskje som no vert stetta.

Når desse no skal til Bergen, vil det skje over Lukksund Bru og vidare på vegar gjennom gamle Fusa kommune.

Sunnhordland kystkommune
har fått gjennomslag i den nye vegplanen at kyststamvegen vil verte lagt på vestsida av Stordøya med tunnel over til Austevoll og vidare med tunnel til Sotra og bru inn til Hjellestad/Flesland.

Den nye kommunestrukturen skal vera på plass 01.04.2016.

Sjå vedlagt kart.