– Det er svært stor skogbrannfare for tida, og eg må minne om forbodet mot bruk av open eld, sier brannsjef Tore Nesbø til fitjarposten.no.

Forbodet mot bruk av open eld gjeld generelt frå 15. april til 15. september.

– No er det ekstremt tørt, det er ikkje meldt om særleg nedbør i næraste framtid, og vinddraget er slik at det lett kan utvikla seg til skikkeleg storbrann om det først tek fyr, seier Nesbø.