Fitjar skulekorps feira 55-årsjubileet med eit strålande NM-gull og ein flott og innhaldsrik korpstur til Tyskland.

Korpset vart stifta i 1960. I 1978 vann dei NM i 2. divisjon første gong. Laurdag 20. juni i år stod korpset igjen på sigerspallen i NM for skulekorps.

Med Lake of the Moon på repertoaret, Svein Roger Koppang med stødig grep om «takstokken» og 38 godt førebudde musikantar i rekkene fekk korpset heile 93 poeng av domarane. Det heldt klart til siger over Kløvheim skulekorps som kom på 2. plass med 92,5 poeng og Askøy Skolebrass på 3. plass med 92 poeng (fullstendig resultatliste kan du sjå her). Domarane skrytte nærast uhemma av korpset i sine kommentarar og brukte ord som supert, imponerande spel med glød og engasjement, trygge og gode musikantar som syner at dei beherskar og forstår musikken og at korpset har flott tuttiklang. Tips frå domarane til vidare utvikling var å jobba meir med balansen og ytterdynamikkane. «Godt korps med gode solister og drivende godt slagverkspill» var domar Odin Hagen sin konklusjon. 

Jubileumstur
Like etter framføringa i Stavanger konserthus sette korpset kursen mot Danmark og vidare til korpsfestival på Weissenhäuser Strand ved Austersjøen i Tyskland. Der koste musikantar og turleiarar seg på eit stort, flott feriesenter med tropisk badeland, stor sandstrand og mange ulike aktivitetstilbod. Veret kunne vore betre, men det kunne og vore verre. Nokre fekk prøva kortbuksa ein augneblink, elles var temperaturen stort sett den same som på dei andre ute-korpsarrangementet det siste året; julegrantenning, 17. mai og Korps på tur. Og den nye aprilspøk-hua kom til nyttes i Tyskland og. Men temperaturen i reisefylgjet var likevel høg og stemninga god.

Ein heil dag var sett av til forlystingar og spenning i Hansaparken, ein halv dag til å utforska hansabyen Lübeck og elles var det mange ledige stunder til å vera sosiale, bada og nytta seg av alle dei kjekke aktivitetane på området. 

Svinga Tyskland
Korpset fekk og synt seg fram musikalsk i Tyskland med øving som vart som ein konsert, felles konsert med Bø skulekorps og Volda skulekorps på feriesenteret, og konsert på torget i Lübeck som vart avslutta med eit fellesnummer saman med dei to andre korpsa. Publikum samla seg i store flokkar rundt korpset og gav uttrykk for at dei verkeleg likte det dei høyrde. Korpset vart både fotografert og filma og musikken vart svinga til, dansa til og lytta beundrande til. 

Terningkast 7
Det ingen sure miner å sjå på heile turen, på trass av at det var nokre små-skader. I tillegg til å lika å spela i korps er mange av musikantane ivrige fotballspelarar, både når det gjeld vanleg fotball og den ekstra underhaldande og krevjande varianten kyllingfotball. 

Skadane skjedde stort sett på fotballbanen og på eit tidspunkt kunne det sjå ut som nærast halve korpset halta, i tillegg til at to var plassert i rullestol. Alle hadde likevel hatt det kjekt og på spørsmål om kva terningkast musikantane ville gje turen var det berre 5-arar og 6-arar ute og gjekk. Høgdepunktet for dei fleste var NM, og som ein bak i «kjøkenavdelinga» sa: Eg vil heilt klart gje NM deltakinga terningkast 7 !

Tiljubla
Heimturen vart lang når strekninga Tyskland – Fitjar skulle tilbakeleggjast i ein etappe, berre avbroten av små matpausar, toalettpausar og overfart med danskebåten, men det gjekk og fint.
Vel heime på Fitjar tidleg fredag morgon vart korpset møtt av flagg, blomar, klemmar, gode ord og jubel frå ein stolt varaordførar Agnar Aarskog og mange stolte, glade føresette!

Fitjarposten gratulerer korpset med NM-sigeren og ynskjer dei og dirigenten ein god, velfortent ferie,
– og gler oss til å fylgja korpset på nye oppdrag i året som kjem.