Velplassert kulestøt og god sats i stille lengde.

Sesongen for å ta idrettsmerke på Fitjar stadion har starta, og Rolf Vik har status som dommar for dei som vil prøve seg. Han fekk skryt av dei to damene som prøvde seg i kveld. –  Rolf motiverer utan å presse, og står veldig på for å få fleire til å delta, vart det sagt. Det såg så leikande og lett ut når Mari og Gerd var i aksjon. Båe to har greidd krava til merke mange gonger. Gerd Myrmel Træet deltek for 21. gong medan Mari V. Træet er usikker på det rette talet, men truleg mellom ti og femten gonger. Desse to spreke damene som og er stolte av å vere bestemødre, greidde krava med god margin, og krava er like for aldersgruppa 65 – 70 år. Mari og Gerd hoppa stille lengde, sprang 60 meter og kasta ei tre-kilos kule innafor grensa på fem meter. No har dei berre ei øving att, endå det er tidleg i sesongen. Ved høve skal dei teste uthaldenhet ved å gå fem kilometer på 53 minuttar. Me kan stole på at desse to svigerinnene greier å innfri kravet. Dei er godt trena til vanleg, og intensiverer ikkje før idrettsmerketakinga startar.

Rolf nyttar høvet til å kome med ei oppmoding til kvinner og menn i Fitjar: Ta idrettsmerke medan du kan gå i shorts, det er enklare no enn seinhaustes med ullstillongs og andre varme kle. Som kjent må merket takast seinast før nyttår. I fjor var det nitti personar som greidde krava; eit stort tal i høve til folkemengda, seier Rolf. Blant desse finn ein fleire besteforeldre, ja truleg nokon med oldebarn også. Eit ordtak seier: Alder inga hindring, og det er sant for dei som vil ta idrettsmerket.