Vik Motorsport og Arild Vik vann søndag 13.09.2009 siste runde i Vikedal cup – og skåra med det fullt hus i alle dei teljande løpa, med berre 1.plassar !
Svært mange patriotar og Fitjarfolk hadde søndag teke turen til Vikedal for å sjå Arild & co kjempe om dei siste poenga.
Tette fightar, hard kamp og spennande minutt vart det mange av !
Over 100 bilar var påmelde, 16 i Arild sin klasse. I det heile vart det ein strålande soldag – tettpakka av spenning for publikum.
Arild vann første innleiande heat og sette beste tid uansett klasse 1.omgang. I andre
omgang vart han idømt ein tjuvstart og fekk 3 sekund i tillegg. Det første til 3. beste heat i den omgangen, sjølv om han vann heatet. I tredje heat fekk han nest beste tid.
I A-finalen fekk Arild 2. spor med Johhny Brådli (Egersund) i bestespor, og Karsten Hermannsen(Gjesdal) i 3. spor. Men Arild fekk ein absolutt perfekt start og leia heatet frå start til mål.
Me gratulerer Vik Motorsport og Arild Vik med sigeren og ein sterk sammenlagt-siger i Vikedalcup 2009 !