Sundfør og Casiokids skal delta på ein konsertkveld som Fitjarfestivalen arrangerer i Moahagen i Fitjar 18. juni 2011, i samband med Håkonarstøttejubileet.

– Desse ovannemnde artistane er internasjonalt store namn som har motteke AHA-stipendet på 1 million for vidare utvikling. At artistar av dette kaliberet tek seg tid til å vitja bygda vår, viser at me gjer noko rett, seier ei begeistra Lene Tufteland til fitjarposten.no.

Ho opplyser vidare at styret i Fitjarfestivalen, etter mange positive tilbakemeldingar og gode lovord knytt til gjennomføringa av Fitjarfestivalen 2010, allereie er godt i gang med planlegginga av nye arrangement til sommaren.

– Under festivalhelga i fjor osa bygda av positivitet, engasjement og glede. Vår von er dermed at Fitjarfestivalen skal etablera seg som ei årviss hending i kommunen, skriv ho, og rosar gode dugnad:

– Dugnadskreftene i bygda gjorde ein framifrå innsats i 2010. Arrangementa i år vert ikkje like omfattande som i fjor, etter som me har meir erfaring med tilrettelegging og mobilisering. Trass i dette inneheld programmet mange godbitar, og me er svært stolte av å presentera varierte arrangement som famnar om eit breitt publikum.

Som Fitjarposten tidlegare har skrive, er festivalen i år delt opp i fleire bolkar. Første del går altså av stabelen laurdag 18. juni. Denne dagen er det nøyaktig 50 år sidan kong Olav V avduka Håkonarstatuen, og dermed 1050 år sidan det store slaget utarta seg. Dette feirar me altså med konsertane i Moahagen – bygda sitt nye amfi.

– Som på Smedholmen i fjor spelar nok ein gong naturen på lag med musikken, der ein konsert ikkje berre er musikk, men ei oppleving som publikum legg på minnet, fortset Lene.

Andre del av festivalen vert arrangert 5. – 7.  august. Denne helga skipar ein til den tradisjonelle fiskefestivalen med salsboder, fiskekonkurranse, auksjon og anna sprell på kaien. Det heile toppast med bryggjedans og konsertar på Sjøsio i kveldinga.

– Fitjar Got Talent vart eit svært vellukka arrangement i fjor, og arrangørane ønskjer også i år å la komande talent i bygda få freista seg på scena. For den eldre garde vert vise- og lyrikkvelden teken opp att.

Tidspunktet for desse arrangementa blir truleg i løpet av september/oktober, fortel Lene Tufteland til slutt.