Ho var spent og sjenert i starten, men var svært nøgd då ho kom heim. Fitjarposten har vore med på delar av Susanne Sørfonn sin første skuledag.

– Eg kan lesa og rekna litt, seier den lysehåra førsteklassingen medan ho held fast og trygt i handa på mamma Lillian på veg inn på skuleområdet. Denne gongen kunne ein ikkje gå inn på plassen, men ein måtte ta seg inn til førsteklasseområdet ved å gå forbi den tidlegare personalinngangen i vest og rundt SFO-en.

Her var ho såvisst ikkje åleine om å stå og venta saman med mamma eller pappa, med stor, ny skulesekk og spenning i magen. Men særleg snakkesalig var ikkje Susanne på førehand.

Så kom rektor. Det var mest farleg å helsa på ho. Sjølv om rektor Siv Grete Stamnes smilte sitt varmaste smil, vågde ikkje Susanne anna enn å sjå ned i bakken. Litt tryggare var det å møte Martha, ein av lærarane. Ho hadde ho møtt før, så no kunne ho sjå opp og smila. 

Foreldra fekk vere med inn i klasserommet der Susanne og dei andre borna sette seg i ein stor ring. Så fekk kvar av dei blomar med eigne namn på. Namneskilt som lærarar og assistentar hjelpte til med å få festa. Etter dette var det klart for namnesongen. Ein nydeleg song som borna kunne, og som inkluderte alle. Så måtte foreldra gå ut.

Borna fortsette med «ordentleg» skule. Teikning, litt skriving, litt eventyr og ikkje minst uteleik i det fantastiske haustvêret  i dag, stod på timeplanen første dagen.

– Me har funne på masse gøy, sa ei stornøgd Susanne då ho, etter også ha fått med seg SFO-en, møtte mamma igjen.