Julie Skjerve Jensen scorar for Fitjar mot Stord 2. Foto: Kjetil Rydland.

Handballdamene til Fitjar IL følgde gjestene frå Stord til døra, men måtte tola eit surt og unødvendig nederlag etter at Stord gjekk opp til 24–23 halvtanna minutt før slutt.

Eit talrikt, men særs roleg publikum på tribunen fekk sjå ein spennande kamp onsdag kveld då handballdamene tok imot Stord 2 til seriekamp i 5. divisjon. Fitjar hadde gjestene frå Stord på gaffelen fleire gonger i løpet av kampen, men let Stord koma tilbake i kampen og avgjera heilt på slutten.

Stord-trenar Bjarte Epland måtte mana jentene sine til dåd mot Fitjar.

Laga følgde kvarandre som skuggar heile første omgang, og gjekk til pause på stillinga 12-12. Andre omgang utvikla seg på same måten; laga veksla om å ha leiinga. Men midt i omgangen såg Fitjar ut til å ha overtaket då dei gjekk opp til 19-16.

Både Stord-trenar Bjarte Epland og jentene hans såg ut til å vera ein smule stressa. Men dei tok seg kraftig saman og gjekk opp til 20-20 etter 19 og eit halvt minutt. Derfrå og inn var det så jamt som det kunne bli, og ein timeout frå Trond Arnevik 25 sekund før slutt hjelpte ikkje. Stord sleit seg til ein eittmålssiger.

På Fitjar blei Ingvild Rimmereid, i kjent stil, toppscorar med sju mål. Elles la me merke til ein god førsteomgang av Charlotte Ayoe Levåg. Men mest verdt å merka seg under kveldens kamp var at det var fullstendig stilt i hallen. Eit heia-rop eller to kunne kanskje ha vippa kampen i favør av heimelaget?

Med kveldens siger gjekk Stord 2 til topps på tabellen i 5. divisjon avd. 01 med fire poeng. Neste kamp for Fitjar-damene er heime 21. oktober mot Lyngbø.

Fitjar sitt lag mot Stord 2 (mål i parenes): Hanne Arnevik (k), Lisbeth Nesbø, Martine Fredlund (5), Helene Rimmereid, Emilie Aaserud Hystad (1), Maria Grastveit Larsen (2), Ingvild Rimmereid (7), Charlotte Ayoe Levåg (5), Julie Skjerve Jensen (3)