Austevollingane var kontante i forsvar. I bakgrunnen dommar Kjell Pedersen, som sleit litt med offsiden i kveldens kamp. Foto: Kjetil Rydland.

Gutelaget til Fitjar såg lenge ut til å få revansj mot Austevoll i seriekampen måndag kveld, men to Austevolls-mål i sluttminutta gjorde at Fitjar-gutane måtte rusla tomhendte heim

Det såg lenge ut som om Fitjar-gutane skulle få revansj for nederlaget i vårsesongen. Første målet scora Mads Dahl Helland etter eit kvarter, då han runda keeper og la ballen i det tomme Austevolls-buret. Nokre minutt seinare utlikna Austevoll på noko som såg ut som ein klar offside. Forsvarsspelet til Fitjar i forkant var ikkje særleg patent. Mads Dahl Helland var frampå igjen nokre minutt seinare og putta eit stolpeskot frå Øystein Waage over streken. Også her høyrde me rop om offside, men dei kom frå Austevoll-spelarane. Truleg utan grunn, og Fitjar kunne gå til pause med leiing 2-1.

Austevoll utlikna til 2-2 midt i andre omgang, men berre eit par minutt seinare gjekk Fitjar opp til 3-2 på ein flott lobb av Mats Brakedal. All ære til målscoraren, men målet var det klaraste offside-målet me har sett på mange år. På stillinga 3-2 hadde Fitjar fleire sjansar til å punktera kampen, og alle rekna med at poenga ville bli igjen på Fitjar. Men to kjappe mål då det var mindre enn tre minutt igjen av ordinær tid, gjorde at austevollingane kunne jubla over ny siger over Fitjar.

Fitjar sitt lag:
Tomas Malkenes, Simon Stokken, Martin Vestbøstad, Kjell Ove Korsvik, Tormod Tørnqvist, Henrik R. Kjelling, Mads Dahl Helland, Andreas Torland, Kjell André Thorland, Øystein Waage og Mats Brakedal.
Innbytarar: Øyvind Fykse Lie, Rune Levåg, Jørgen Fjøsne, Halvor Larsen.

Austevollingane var kontante i forsvar. I bakgrunnen dommar Kjell Pedersen, som sleit litt med offsiden i kveldens kamp. Foto: Kjetil Rydland.