Fitjar sløste med sjansane og gjekk på eit surt tap mot Fyllingen 2 i Fitjar Idrettspark, søndag ettermiddag.

Fyllingen vann til slutt 4-2, men hadde Fitjar hatt marginane på si side, kunne det lett ha vore Fyllingen som reiste heim utan poeng.

-Me må skjerpa oss og få ferien ut av kroppen, seier trenar Dicki Steensohn. Fitjar sine mål vart skåra av Thomas Vestbøstad og Kjell Magne Halleråker.

Fyllingen klarer så vidt å avklare i tøff kamp foran Fyllingen sitt mål i 1. omgang. Foto: Håkon C. Hartvedt