A-laget tapte årets siste kamp i 4. divisjon, etter at regn, vind og dommar bles feil veg dei siste 10 minutta.

Fitjar hadde fortent minst eitt poeng etter godt spel på den slitne kunstgrasbanen på Salhus laurdag ettermiddag. Men med to heldige mål i sluttminutta snudde heimelaget Bergen Nord kampen og vann 3-2.

Gutane til Kjell Træet starta kampen på aller beste måte og  gjekk opp til 1-0 allereie etter 1 minutts spel. Midtstoppar Jan Åge Tislevoll fekk vippa ballen over heimekeeperen. Oppglødde av den gode opninga heldt Fitjar fram i same fine stil, og 10 minutt seinare var det klart for 2-0. Toppscorar Thomas V. Waage heada det fine innlegget frå Leif André Tangen i utakbart i mål frå kort hald.

Fitjar dominerte resten av første omgang med fint midtbanespel og fleire store sjansar. Kjell André Thorland skaut i stonga frå 20 meter. Helge M. Træet skaut over keeper frå langt hald, men ballen gjekk rett utanfor. Også Thomas V. Waage hadde gode sjansar til å auka leiinga for Fitjar. Det hadde såleis ikkje vore noko å seia på om Fitjar hadde gått til pause med ei 4-0-leiing.

Heimelaget viste ingen prov på kvifor dei har vore med og kjempa om andreplassen i årets 4. divisjon. Den første målsjansen deira kom etter 42 minutt, men Aleksander Henriksen i Fitjar-målet redda fint.

Og få sekund etter var Fitjar-gutane uoppmerksame på ein retur ut frå feltet. På rundt 20 meter fekk Bergen Nord-kapteinen Mads Andre Therkelsen altfor god plass og kunne upressa skyta kontrollert i mål, utan sjanse for den unge Fitjar-keeperen. Ei særs heldig, men viktig redusering for Bergen Nord, som kunne går til pause med ny optimisme.

Også i andre omgang var Fitjar det beste laget, sjølv om dei fekk vinden og regnet imot. Badi Hurasi kunne punktert kampen etter eit kvarters spel, men skaut i keeperhøgde frå kort hald. Ei god redning av Bergen Nord si målvakt. Og litt seinare skaut Badi rett over vinkelen. Den første store sjansen til Bergen Nord kom på eit langskot i vinkelen, men der var Aleksander Henriksen og boksa ut via tverrliggjaren. Ein fin prestasjon av Fitjar-keeperen.

Heimelaget måtte ha straffe for å snu kampen. Ute mot hjørnet av 16-meteren var Leif André Tangen uheldig, då ballen spratt opp i handa hans. For oss såg det ut som om han prøvde å trekkja handa unna ballen. Men slik såg det tydelegvis ikkje ut for dommaren, som peikte på straffemerket. Ein type situasjon som av og til gir straffe, men ofte ikkje.

Diverre fekk Leif André Tangen raudt kort i same slengen, for ein usportsleg detalj som me ikkje fekk med oss frå sidelinja. Kortet var rett, etter det me forstår på syndaren, men straffesparket verka svært urimeleg. Det brydde ikkje Bergen Nord-kapteinen Mads Andre Therkelsen seg om. Han la Aleksander Henriksen til venstre, og knuste ballen midt i mål.

I dei hektiske sluttminutta kom begge lag til sjansar, men dessverre for Fitjar var det ikkje berre dommarfløyta som bles feil veg. Eit innlegg frå Alexander Teigland blei teke av vinden og hamna bak Fitjar-keeperen og i mål. Dermed kunne Bergen Nord jubla for ein heldig heimesiger.

Men kampen var ikkje viktig for nokon av laga, heldigvis. Med dagens tap enda Fitjar på 7. plass tabellen for 4. divisjon i staden for 6. – medan det for lengst var klart at Bergen Nord enda som nummer 3 bak Austevoll og Follese. Derfor tok Fitjar-trenarane dagens tap med fatning.

– Det var vår eigen feil at me ikkje vann, seier hjelpetrenar Leif D. Steensohn, me kunne avgjort kampen med å scora fire mål i første omgang.

Trenar Kjell Træet seier – etter eitt sekunds tenkepause – at han er godt fornøgd med årets sesong i 4. divisjon. – Me har fått vist at spelarane held nivået, seier han. Han nemner spesielt at han har mange unge spelar med i A-lagsstallen, slik at hah kan sjå lyst på framtida. Han meiner Fitjar kunne ha kjempa om ein av dei tre første plassane i puljen med litt meir klaff. Men han synest spelarane hans alt i alt har gjennomført ein god sesong.