A-laget til Fitjar måttte nøya seg med uavgjort mot Bergen Nord, etter at gjestene henta inn ei 4-1-leiing heilt på slutten av andre omgang.

Sjeldan har eitt poeng blitt teke imot med meir nøktern stemning i Fitjar-leiren enn etter dagens uavgjort mot Bergen Nord. Dette var nemleg ein kamp Fitjar burde og skulle ha vunne, etter å ha dominert rundt ein og ein halv omgang. Eit kvarter før slutt gjekk Fitjar opp til 4-1 på ei flott heading av Emil Fitjar. Med den aller første nettkjenninga i A-kamp for den unge midtstopparen trudde alle at kampen var avgjort.

Fitjar er ikkje eit lag som kan spela på resultat – det visste me frå før – men at det skulle rakna så totalt på slutten, kom som eit sjokk både på spelarane, og eit måpande publikum. Men kanskje ikkje på trenar Kjell Træet, som var relativt skuffa over dei to poenga som glapp på slutten.

– Dette er Fitjar på godt og vondt, var den korte konklusjonen til trenaren etter kampen.

Med siger over Austevoll sist helg i bagasjen kom Bergen Nord til Fitjar som knapp favoritt i dagens serieoppgjer i Fitjar Idrettspark. Men i byrjinga av kampen var det ingen som kunne forstå korleis dei kunne slå serieleiaren. Truleg fordi me heilt frå første spark på ballen fekk sjå Fitjar på sitt beste. Dei tok straks kommandoen, og spelte ein av sine beste førsteomgangar.

Heilt fortent var 1-0 ved Henrik Raunholm Kjelling etter eit kjapt angrep på høgresida. Badi Hurashi spelte fram dagens spiss, Jan Åge Tislevoll, som gjekk ned til dødlinja og slo 45 grader ut til Henrik. Eit mønsterangrep! Fitjar heldt fram presset, og spesielt Badi Hurashi på høgresida gjorde livet vanskeleg for Bergen Nord-forsvaret. Det var difor ikkje tilfeldig at det var nettopp han som la opp til mål nummer to. Innlegget hans ut på 16-meteren sette Helge M. Træet knallhardt i mål.

2-0 til pause var ikkje eitt mål for mykje for eit velspelande heimelag. Og etter kvilda heldt Fitjar fram der dei slapp. Badi Hurashi la på til 3-0 heilt i starten av andreomgangen, etter å ha blitt spelt fint gjennom av Torbjorn Korsvik. 3-0 verka svært så komfortabelt, og me tok det ikkje heilt på alvor då Bergen Nord reduserte til 1-3 fem minutt seinare. Alexander Ekeogu Jensen fekk litt for god plass og kunne heada i mål på det fine innlegget på høgrsida.

Om me ikkje hadde vore sikre på siger før, blei me det iallfall eit lite kvarter før slutt, då midtstoppar Emil Fitjar møtte ein god corner frå Øyvind Fykse Lie. Pang i mål på direkten, og tre sikre poeng, trudde me …

Men det var før Bergen Nord sette inn sluttspurten rundt 10 minutt før slutt. Først fekk Nicklas Andre Nikolaisen all verda med tid på ein retur frå Fitjar-forsvaret. Frå rundt 30 meter sende han ein vakker susar i boge over keeper Aleksander Henriksen og i mål. Og før me var ferdige å ergra oss over dette unødvendige målet, fekk me meir å ergra oss over. Simen Nilsen gjekk heilt frå eigen 16-meter, over heile banen, og skaut knallhardt til side for keeper. Ingen Fitjar-spelarar gjorde heilhjarta forsøk på å stoppa han, og med 4-3 var det full fyr i kampen igjen.

I dei hektiske sluttminutta var Bergen Nord det beste laget, og gjekk på med ein glød me ikkje visste dei hadde. Likevel burde Fitjar ha ridd stormen av, men ein altfor dårleg markert Ole Martin Reigstad utlikna fire minutt før slutt. Og no var faktisk gjestene nærmast sigeren, men med 4-4 ebba kampen ut. Ein kamp som Fitjar dominerte i over ein time. Me fekk på nytt sjå at Fitjar er sårbare bakover, og at dei offensivt er fullt på høgd med dei beste i 4. divisjon.

Bestemannspremien gjekk til Badi Hurashi, som var delaktig i tre av måla til heimelaget. Fullt fortent, men me hadde gjerne unnt Jan Åge Tislevoll og ein middag på Fitjar Fjordhotell. Tilbake i ei meir offensiv rolle la han konstant press på Bergen Nord-forsvaret, både med og utan ball. Ein mann som alltid er «påslått» i 90 minutt er god å ha. 

Med tre poeng i dag kunne Fitjar ha vinka eit endeleg farvel til botnstriden i 4. divisjon. Men dei kan sjå tilbake på ein bra vårsesong, der dei ligg midt på tabellen. No er det ferie fram til 9. august, då er det bortekamp mot Austevoll, og neste heimekamp er laurdag 16. august mot Fyllingsdalen 3.