I det suraste speleveret i manns minne måtte juniorlaget til Fitjar tola tap heile 2-6 på heimebane 1. mai.

Verken ballen eller regnet ville blåsa Fitjar sin veg då juniorlaget til Fitjar feira 1. mai med seriekamp mot Smørås 2. Kampen begynte bra for Fitjar i motvinden, men etter kvart tok Smørås meir og meir over. Fitjar-gutane blei springande mykje imellom gjester som ikkje ville låna vekk ballen.

Smørås-gutane spelte seg til store sjansar med vind og regn i ryggen, og det måtte bli utteljing. Etter eit kvarters spel glei Smørås-angriparen fint gjennom og scora frå kort hald. Ti minutt seinare låg ballen på nytt i Fitjar-buret, etter at ballen først gjekk i stolpen og så ut i feltet. Returen blei sett pent i mål, men scoringa blei korrekt annullert for offside.

Den beste målsjansen for Fitjar kom på overtid, då Vegard Hareide spelte Frode Malkenes fint gjennom. Men den lettbeinte Fitjar-angriparen greidde ikkje å overlista den gode Smørås-keeperen. I staden kunne gjestene kontra, og ballen gjekk til høgre kantspelar, som drog ballen med seg inn i feltet og scora frå kort hald og svært skrå vinkel. Dermed var første  omgang over, og gjestene kunne gå til pause med 2-0.

Andre omgang begynte bra for Fitjar, og allereie etter eit par minutt låg ballen i Smørås-nettet. Adrian Mehammer la inn ein corner som gjekk rett i mål. Fem minutt seinare utlikna Fitjar til 2-2 ved Frode Malkenes. Fitjar fekk frispark inne på gjestene sin banehalvdel, og Øyvind Fykse Lie spelte ballen enkelt framover til ein udekka Lars Fitjar Waage på høgrekanten. Han avanserte fint, og la endå finare inn i feltet, der Frode kunne heada inn det finaste målet i kampen.

På stillinga 2-2 og regn og rusk i ryggen hadde Fitjar-gutane eit bra grep på kampen, men midt i omgangen fekk dei to mål imot. Begge pene soloprestasjonar av Smørås-angriparen. Og mot slutten kom det endå to scoringar, to litt for enkle kontringsmål. Dermed måtte Fitjar tola tap 2-6 i ein kamp som vil bli hugsa lenger for vêret enn for spelet og resultatet.

Fitjar sitt lag:
Brynjar Skår Bergesen, Adrian Mehammer, Sander Tverborgvik, Emil Fitjar, Johannes Myhre, Sjur Rydland, Lars F. Waage, Geir Steffen Tranøy, Ørjan S. Nordvang, Sebastian Thomassen, Frode Malkenes. Innbytarar: Vegard Hareide, Øyvind Fykse Lie, Torkel Nesbjørg, Brynjar Traa.