Konserten med Nordic Tenors i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i går kveld, vart ei flott oppleving for dei som var til stades.

Med fantastiske stemmer, og eit repertoar som strekte seg frå Abba til operettar, og med lun humor som ein tråd gjennom heile førestillinga, fekk dei fire tenorane kontakt med publikum frå første tone, og dei heldt han konserten igjennom.

-Svært dyktige songarar, og flott veksling mellom humor og alvor. -Heilt topp!. -Kjempekonsert.!, er nokre av kommentarane me har fått høyre etterpå.

Berre synd at det ikkje kom endå fleire og høyrde på.

-Det kom 175, og det er bra. Men for å få balanse i rekneskapen, skulle me hatt 200, seier Agnar Aarskog, som likevel er storfornøgd med konserten.